Søk i tidligere artikler
Sentralbord: 55 54 71 00
Support: 55 54 71 71

Tilbake til forrige side   Tilbake til hovedsiden
InfoEasy-kunde vinner årets Bygger'n!
Teigen Bygg og Trelast AS er en del av byggevarekjeden Bygger`n, og holder til på Husnes i Sunnhordland. Bedriften ble nylig tildelt prisen for Årets bygger'n


Årets butikk i Bygger’n-kjeda skal bli endå betre, fortel eigarane. (Foto: Geir Remme)
 
– Veldig kjekt og veldig inspirerande! Det seier eigarane av Bygger’n Teigen på Husnes etter at dei i konkurranse med rundt hundre andre butikkar i heile landet, er utpeikt til Årets butikk i konsernet.
 
– Teigen-familien har drive ein god og profesjonell butikk i mange år, og dei har eit høgt service-nivå. Det er eit av kriteriane for å få denne utmerkinga, seier kjededirektør Christine V. Holm. Bygger’n Teigen har i tillegg delteke aktivt på fleire område innanfor konsernet, noko som òg har vore medverkande til at dei fekk prisen i år. God omsetningsvekst er eit anna kriterium. 
 
– Vi opplever dette som ganske stort, seier gründaren Edvin Teigen. Han og sønene Ørjan og Even mottok prisen under ei tilstelling for alle butikkane i konsernet laurdag kveld. Dei har vore nominert til prisen to gonger før og lukkast altså på tredje forsøk. No vil dei skjerpa seg endå meir for å bli nominert til neste år òg. 
 
Butikken i Teigen-bygget skal få ei ansiktsløfting i løpet av våren. Planen er å få varene betre fram og dessutan vil assortementet bli større, m.a. med bad- og baderomsmiljø.
 
Kilde: http://www.husnesnett.no/no/nyhende/100/
 
Les mer om InfoEasy-løsningen hos Teigen bygg- og tralast her
 
For mer informasjon om InfoEasy-løsningene til bransjen, ta kontakt med oss på 55 54 71 00 eller send e-post til infoeasy@daldata.no
 

  Daldata As        Tlf: 62 48 26 00       E-post: daldata@daldata.no